Litt om Husnes

Husnes, som er den største bygda i Kvinnherad med
omlag 2500 innbyggjarar,
ligg ved innseglinga til Hardangerfjorden.
Dette er handels- og skulesenteret i kommunen,
og har eit stort utval av andre tenester.
Ei bygd i rivande utvikling med stor byggjeaktivi-tet.
Samfunnet voks til ved at Sør-Norge Aluminium A/S etablerte seg her på 60-talet.
Det har utvikla seg ein spesiell kultur i denne industribygda.
Få bygder har fostra så mange rockeband og artistar som Husnes.
Mange kulturaktivitetar og eit levande musikkliv set sitt særpreg på bygda.
Diktaren Jonas Lie budde her i sine barne- og ungdomsår.
På Rundholm, som ligg i Opsangervatnet, forlova han seg med si Tomasine.
Husnes har eit aktivt idrettsmiljø med to idrettsbanar, idrettshall, symjehall,
og roarena på Opsangervatnet.
Her ligg og Kvinnherad vidaregåande skule med omlag 500 elevar fordelt på fleire
studieretningar.
Etter ein spasertur på 10-15
minutt frå sentrum, kjem ein til Søralparken med båthamn,
fotball-, tennis- og sandvolleyball-banar. Husnes har og ein flott golfbane som
er svært populær.
Båthamna har alt som skal til for å tilfredsstilla båtturistane som vitjar
bygda.
Den vart kåra til den finaste båthamna i Hordaland i 1997.
og
N O R G E S B E S T E G J E S T E H A V N 2 0 0 5
Husnes har campingplass og hotell. Også Husnes er eit fint utgangspunkt for
fjellturar.
Fleire merka løyper som er tilrettelagde for heile familien.
I Opsangervatnet kan ein prøva fiskelukka etter innlandsauren.
Ei fisketrapp på Opsanger gjer at også sjøaure og laks finn vegen opp i
vatnet.