Fakta om
Folgefonna
Folgefonna er Noregs 3. største bre. Breen har eit samla areal på 213,62 km2.
Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna (25,41 km2), Midtre Folgefonna (8,93
km2) og Søndre Folgefonna (179,28 km2) (Østrem et al. 1988). Folgefonna
Sommarskisenter ligg på Nordre Folgefonna. Folgefonna er ein platåbre, det vil
seia at den ligg på eit høgfjellsplatå med utlauparar ned i dalane kring. Dei
mest kjende utløparane av Folgefonna er Bondhusbreen, Buerbreen og
Blomsterskardsbreen. Dei tre platåbreane dekker høgfjellsområde mellom
Sørfjorden, Åkrafjorden og Hardangerfjorden. Høgaste punkt er 1662 m o.h. og
lågaste er 400 m o.h. Istjukkelsen er så langt som den er kjent i gjennomsnitt
omlag 155 meter (Tvede 1997). Ved Bondhusbreen er isen målt til å vera 160
meter. Ved Blåbreen er isen opp i 300 meter tjukk. Trulig er isen opp til 500
meter tjukk på toppen av Nordre og Søndre Folgefonna. Dette er ikkje målt men
rekna ut frå topografien kring breen. Folgefonna si kystnære plassering gjør at
den vert kalla ein maritim bre. Det er dette som er utgangspunktet for at
Folgefonna vert kalla en "glasiologisk avvikar".
TROLLE VED FONNA

